Ein fylkeskommune for framtida

Stadig jag etter profitt og auka forbruk er eit miljøproblem. Som einaste parti har Raudt sidan starten adressert kapitalismen som eit miljøproblem

Påstanden har ofte blitt møtt med ignoranse og latterleggjering, og forsøk på å heller vise «den grøne kapitalismen». Men når FN sitt klimapanel i fjor sjølve gjekk ut og sa at nettopp kapitalismen sitt profittjag er uforeneleg med å stogge dei farlege, menneskeskapte klimanedringane, då kan ein ikkje lengre lukke augo.

Som eit raudt og grønt parti skal Raudt fortsette å fremje ein rettferdig, solidarisk og berekraftig retning for den nye fylkeskommunen Vestland. Ein viktig start er å innføre miljøtiltak i alle fylkeskommunale bygg og -bedrifter. Dette vil innebere tiltak som minimerer klimaavtrykk og set miljø framfor profitt. Raudt vil jobbe for at det blir innført minst ein kjøttfri dag i veka i alle kantiner i fylkets regi og påbod om resirkulering i alle fylkeskommunale bygg.

Dette siste skal innebære sortering av både papir, plast og matavfall, og dei kommunane der det ikkje er bygd ut tiltrekkeleg avfallshandtering, skal fylkeskommunen vere pådrivar for at dette kjem på plass. Det skal også utarbeidast ein plan for å redusere plastbruk og matsvinn i fylkeskommunens regi kraftig, og denne planen skal settjast ut i livet ila den enste fireårsperioden.

Det nye fylkesbygget må vere eit pionerbygg for miljø. Dette skal innebere at det vert bygga energieffektivt, som m.a. må innebere solceller som energikjelde, og med overnemnde krav frå dag ein i drift.

Den generelle fylkeskommunale drifta skal setje miljøomsyn framfor profitt, og arbeide etter miljøetiske prinsipp ved innkjøp, utbygging og drift.